Ein liten oppdatering frå Redaksjonen

Logo til Prekesjuk PodCast!

Kjære, vakre, nydelege menneske! No har me vore så ufatteleg kreative og produktive på Redaksjons-enheten den siste tida, at me tenkte det var på plass med ein aldri så liten oppdatering. KØYR!

Redaksjonen finn du i 3.etg. Her skjer alt av media og kommunikasjon, SoMe, PodCast, Nettavis, Nettside og alt i mellom. Me starta denne enheten i påsken, og har brukt den siste tida på å utvikle oss, finne oppgåver til tavlene og organisering av arbeidskvardagen vår.

Blant anna har me begynt å få nettavisa vår i gong. Her er målet å kunne publisere ein artikkel i veka - dette kan vere så langt eller kort som ein vil, og det kan handla om det meste. Kvar einaste kollega innanfor Fontenehuset Fredrikstad sine fire vegger kan ta turen opp og skriva ein artikkel om dei vil. Her er det plass til alle!

Utanom dette så har me køyrt på med SoMe (Sosiale Medier). Her har me fått meir fres på TikToken vår - @ungpaatiktok - med blant anna ein heidundrandes omvisning av huset. Sjå del 1 av den i denne artikkelen!

Hello! My name is Tik-PoT! Give me your ideas <3 I eat post-its for dinner

Me har også fått laga ein TikTok Tea Pot, som står inne på redaksjonsrommet vårt. Her kan alle som vil putte sine knakande gode idear oppi, så mekker me BADASS CONTENT YO!

Ein anna stor ting me har fått gong på i det siste er PodCasten vår. I skrivande stund er det heile 8 (!!) episodar ute med masse god stemning, informasjon, kjekke opplevingar og intervju med studenter, samarbeidspartnarar og mykje anna digg! Det har også blitt laga nokre råkule logoar til dei forskjellige podcastane vi har på planen - laga av Max & gjengen. Berre sjå her;

Workshop Non Stop

No lurer du kanskje på korleis du kan bli med på moroa - enten på nettavis-biten, sosiale medier eller podcast. Vel, svaret er enkelt: Først må du sjølvsagt bli medlem - det er du hjarteleg velkomen til. Omvisninger og prøvedager står for tur, deretter gønnar du berre på <3

Når du har blitt medlem så kan du berre møtte opp på huset kvar;

Mandag (Nettavis/Skrive-workshop)

Tysdag (SoMe-workshop)

Torsdag (PodCast-workshop)

Workshops er mellom 10-12, men ellers også, om du ønsker. Alt kjem an på kva DU vil bidra med. Så må me ikkje gløyma at me har 2 andre etasjar også, med mange kule oppgåver. i 1.etg finn du Kafé Centralen, Resepsjonen og Jobb & Studiestøtte! I 2.etg finn du Kjøkken & Fritid, Psykt Bra Mangfold og Drift. Masse forskjellig å ta del i!

Redaksjonen er framleis ganske ny i drift, så som ny medlem kan du vere med på å forme den litt slik som du vil sjølv - ta alt du har av skills med deg, eller bli med på å lære noko heilt nytt! PodCast handlar til dømes ikkje berre om å sitte framfor mikrofonen, du kan også være med på redigering, preproduksjon, postproduksjon, jinglemekking, køyreplan-laging, idemyldring og heile pakka. NOKO FOR ALLE!

Her er litt div fra workshops vi har hatt hittil:

Håper dette har gitt deg litt meir snøring på kva me held på med! Gjerne besøk andre deler av nettsida vår også, her er det mykje å lese seg opp på!

Masse kjærleik frå oss på Redaksjonen!

Skreve av: Patrick, Max & Ole-Magnus

Forrige
Forrige

Back in time

Neste
Neste

Prekesjuk - UPH Snuplassen Edition