Kva held vi på med, spør du?
Altså! I skrivande stund er det fredag. I dag måtte eg sette meg ned og skriva litt, for det er søren klype meg mykje som har skjedd den siste tida som nettopp DU må få vita om.
Gjengen er på veg til Snuplassen dag 1
Sosialt entreprenørskap er eit ganske så nytt ord for meg, men det viser seg jo at Fontenehuset jobbar kontinuerleg med nettopp dette - på fleire måtar.
“En sosial entreprenør er en eller flere personer som ønsker å bidra til å skape en ny løsning på et sosialt problem.” - Henta frå https://ferd.no/sosiale-entreprenorer/om-sosialt-entreprenorskap/hva-er-sosialt-entreprenorskap/
Les også meir om dette på https://www.fontenehusetfredrikstad.no/fontenehuset-sosialt-entrepenrskap
Nye løysningar på eit sosialt problem, der altså. I dette tilfellet vil eg snakka litt om ungt utanforskap. Det er ein stor sosial utfordring over heile fjøla, ser eg føre meg, også i Fredrikstad. Mange unge menneske hoppar av skule og studier, og blir sittande heime i ei ofte ikkje så god boble for seg sjølv. Isolasjon, einsemd (ensomhet), og ja, nettopp - utanforskap blir ein altfor stor del av livet. Kjensla av fellesskap, gode ting i kvardagen og eit sosialt liv eksisterer ofte ikkje, og kan for nokre gjere livet utfordrande å leva. Korleis kan ein koma seg ut av noko slikt? Korleis kan manglande fellesskap bli til fellesskap, og isolasjon og einsemd til noko sosialt?
På Fontenehuset Fredrikstad gjer me mykje for å kjempa mot ungt utenforskap. Me har vår eiga ung-gruppe på huset, med nærmare 100 medlemmar. Faste treff kvar tysdag, eit eige fritidsprogram og fleire store prosjekt står på agendaen. Dette er kvardagen for oss - noko som er utruleg fint. Det er, som alt anna på Fontenehuset, frivillig å koma inn døra her, men når du trår over dørterskelen kjem det opp ei viss forventing - du er ønska, det er behov for deg, og det er forventa at du deltek; Wanted, Needed, Expected - bærebjelkar i Fontenehus-modellen.
Men, det eg skulle fram til, er desse prosjekta me held på med. For det er ein botnsolid dose av “Pay it forward” inne i bildet vårt her. Nokon opplever at det var godt å bli ein del av noko større enn seg sjølv, og vil gi det vidare til nokon andre. Det blir ein smitteeffekt - i verdas mest positive meining.
Eg snakka om desse store prosjekta til ung-gjengen litt lengre oppe her. Det er desse eg vil fram til i dag. For det, det er SOSIALT ENTREPRENØRSKAP med store bokstavar! (CAPSLOCKDAGEN kjem snart, forresten, hehe).
Eit av desse prosjekta er Snuplassen (les meir om det her). Dette er eit kurs som har blitt starta av Nav Ung i Fredrikstad, og som i korte trekk handlar om å gi unge menneske mellom 18 og 30 år ein kvardag dei er meir nøgde med. Om dette er jobb, studier eller noko anna speler ingen rolle, men målet er å gi dei ei oversikt over sitt eige liv, moglegheiter dei har og å visa kva tilbod dei kan nytta i kommunen. Dette er ikkje likt nokon andre Nav-kurs som eg veit om. Det finn stad på fantastiske heimekoslege og trygge Rebellhuset i sentrum, det strekk seg over 5 veker, og eg har med eigen auge sett at det fungerer. Sosialt Entreprenørskap, sa du? Ja, sa eg. Uansett, Fontenehuset Fredrikstad har vore med på dette heilt sidan starten. Først som tryggleikspersonar, men det utvikla seg kjapt til eit tettare samarbeid enn eg trur nokon av oss hadde sett føre seg. I dag er me både tryggleikspersonar, føredragshaldarar, deltakarar og pause-underhaldnings-ansvarlege. Mange av deltakarane har etterkvart blitt medlemmar på Fontenehuset vårt, og har no blitt tryggheitspersonar +++ for nye deltakarar. Igjen - Pay it forward! Du dyre grøne, som det går.
Uansett - kurs 5 starta for eitpar veker sidan, og eg tenkte eg ville prøva å visa deg litt kva me har vore med på. Snuplassen runde 5 starta 7.oktober. Me var med første dagen som tryggleikspersonar. Den dagen møtte me 2 medarbeidarar og 11 medlemmar frå Fontenehuset. Dag to møtte me opp med ein medarbeider og 8 medlemmar. Så har me vore med på eit opplegg om personlegheitstypar. Sist mandag hadde me eit foredrag og ein prat om MESTRINGSTRO, sjølvtillit og sjølvkjensle. Viktige saker - og fleire enn du trur slit med nettopp dette. Det å bli bevisst på det, og kanskje få nokre råd til korleis ein kan betra dette. Denne veka har me også hatt eit foredrag og ein prat om Menn, psykisk helse og kjensler. Dette er eit tema eg brenn for, og det har vist seg å bli eit av dei sterkaste dagane på kvart einaste kurs for meg. Der deler både medarbeidarar og medlemmar frå sin historie, og sin veg inn i kjenslelivet. Mange av oss har hatt det tøft i både liv og oppvekst, og det gjer noko med oss og publikum når me deler. Tårane sit laust og mange får reaksjonar. Fine samtalar skjer og du blir liksom enda betre kjent med menneska rundt deg, og dei blir betre kjent med deg. I dag, på fredag der altså, skal me laga taco saman med gjengen på Snuplassen. Utruleg fint å kunne gå inn i helga med noko slikt!
Som du skjønnar, så gir me mykje av oss sjølv i samarbeidet me har med Nav-Ung. Og dei gir mykje av seg til oss! Saman blir me dynamitt! Utan denne symbiosen hadde ikkje Snuplassen vore det det er i dag, det kan eg sei med handa på hjartet.
“En sosial entreprenør er en eller flere personer som ønsker å bidra til å skape en ny løsning på et sosialt problem.”
Møtepunkt Ung-gjengen leiker ikkje klubb!
I tillegg til dette jobbar me med MØTEPUNKT UNG (les meir om dette her) - eit prosjekt som dukka opp då me fann ut at behovet var der for å kunne samla alle aktørar som jobbar med unge i Fredrikstad, OG dei unge under eitt tak - slik at samarbeid og gode samtalar og networking kunne oppstå. Me ville legga til rette for dette, og donera både plass og rom. Fleire burde snakka saman, tenkte me, og ikkje minst vita om kvarandre. Så, det har blitt ein viktig greie som me gjer titt og ofte. Neste Møtepunkt Ung skjer 29.10, så det er berre å ta turen innom! Event finn du her. Kvifor er dette sosialt entrepenørskap, lurer du kanskje på?
Jo, fordi dette er styrt av dei unge her på huset. Me har sagt frå oss eit fritidsprogram i månaden for å kunne gjennomføre dette - og då er me på jobb. Me tar på oss Fontenehus-merch, og dei unge står i kafeen, dei unge tek omvisningar, dei unge snakkar med dei som kjem på besøk og tek i mot. Sist var me ein heil bøtteballett på jobb! Det er altså så kult at eg får ikkje satt skikkeleg ord på det. Eg er så stolt og glad for at eg kan få være ein del av dette!
I tillegg til alt dette køyrer me på med føredrag både her og der - sist på Glemmen VGS i høve Verdensdagen for psykisk helse. Her fortel dei som vil om sin historie og sitt forhold til Fontenehuset. Vakkert!
Gjengen på Glemmen
Eg elskar det me driv med, og eg gleder meg til det som skjer i framtida <3
Følg med du også, då vel!
Patrick Fardal