Prekesjuk Tattoo Spesial
Det er ikkje til å stikka under ein krakk at det befinn seg mange tatoverte menneske på Fontenehuset Fredrikstad. På podcasten vår Prekesjuk har me mange forskjellige tema, så kvifor ikkje køyre på med ein tatoveringsepisode!? Sara mekka ein råfin logo, så gjekk me i gang!
Sara, Chris og Patrick satte seg ned i studio for å preike litt om denne interessa, denne livsstilen, denne lidenskapen. Me kom inn på alt frå korleis det blei ein viktig del av liva våre, kva som var vår første tatovering, shoutouts til studio og tatovører og sist men ikkje minst; TIPS TIL KORLEIS DU TEK VARE PÅ TATOVERINGANE DINE!
Under her kan du sjå tatoveringane me preika opp i episoden! Første to tilhøyrer Chris, dei to neste Sara og dei to siste Patrick.
Lydredigering: Stian, Sara & Celine
Logo: Sara