Redaksjonens takover på kjøkkenet 12.6
Då var dagen her, folkens! Kjøkken & Fritid skulle ta dagen sin på Lisleby Samfunnshus, og då måtte jo nokon ta over kjøkkenet! Kven andre enn den fantastiske gjengen på Redaksjonen?
Planen var klar – me skulle laga Einar sin Peruanske livrett LOMO SALTADO – også kalla Peruansk biffsnadder! Herrefred så nice.
Til stades på kjøkkenet denne dagen var Benjamin, Ole-Magnus, Aron, Christian, Einar & Patrick! For ein bukett med mennesker <3
Første oppgåve var å lage handleliste. Me beregna om lag 15 personer, så saken var grei! Turen gikk rett på COOP Mega for å skaffa noko kjøtt – det blei svinefilet på 40% - DIGG!
Deretter gjekk turen direkte til BAKAL for å skaffa grønnsaker og sauser; me fann alt me ville ha!
Peruansk biffsnadder inneheld: Ris, fries, paprika, kjøtt (vanlegvis lama- litt vanskeleg å skaffa her i Noreg, hehe), og ein knallgod salsa med chili, kvitlauk, lauk, koriander og tomater. DIGG
Deretter var det berre å gønne på med kutting og steiking. Oppvasken gjekk så det dundra undervegs – mindre jobb etterpå! Plutseleg så stod me der med ein velduftande, VELSMAKANDE rett klokka 12! Stein Torleif Bjella blei ringt og folk satte seg til bords.
Etter lunsj var det å få gjort ferdig alt på kjøkkenet – vaska opp, gjere reint, skru av oppvaskmaskina og vaska golv.
Alle var einige om at det hadde vore ein knallfin dag! Sjølv dei som ikkje laga mat til vanleg! Knallgod stemning <3
Under her kan du sjå ein råfin film frå dagen vår!
Takk for oss, me kjem gjerne attende!