Ung på huset

Hei deg! Mitt namn er Patrick, eg er 33 år, og eg har vore så heldig å få lov til å jobba på Fontenehuset Fredrikstad i snart eitt år no.  

Halloween-festen i fjor blei kicka i gang av UPH

Eg blei tilsett mest for å jobba med dei unge på huset – altså dei som er mellom 16 og 30 år og som ynskjer å vere ein del av UPH-gjengen (som alt anna på Fontenehuset så er det frivillig). Denne teksten skal handla litt om kvifor det er verdas beste jobb, og kva som gjer UPH så viktig, i tillegg til litt om kva det faktisk er!  

Først av alt vil eg at du skal lesa kva gjengen sjølv definerer UPH som: 

Ung på huset er et tilbud for de mellom 16 og 30 år som ønsker å være med i et fellesskap med andre unge. Her støtter vi hverandre og gir hverandre trygghet! Alle skal med, og alle skal få muligheten til å bygge seg selv opp i et godt fellesskap!  
Vi tar alltid imot nye medlemmer på en inkluderende og god måte! 
Her kan du jobbe med ulike prosjekter, gjøre din egen greie, eller bare henge. Målet med gruppa er at alle som kommer til Fontenehuset skal finne et trygt fellesskap å være med i. Hos oss kan du komme akkurat som du er, og du bestemmer selv hva du blir med på!

Nokre av stikkorda eg vel å ta ut herifrå er; Fellesskap, nettverk og det å skulle ha trua på seg sjølv. Alle har me vore unge ein gong, og dei fleste av oss har nok i større eller mindre grad kjent på korleis det er å stå utanfor, kjenne seg aleine og å føla at det livet har å by på berre er kaos og kjipt. UPH skal kjempa mot nettopp dette – blant så mykje anna.  

Fontenehuset Fredrikstad blei jo starta blant anna for å kjempa mot ungt utanforskap i byen vår. Me opna dørene midt i Korona-epidemien i 2021, og sidan den gong har medlemstala stege jamt. Det same kan seiast om tala til ung på huset. I skrivande stund ligg me på mellom 50 og 60 unge medlemmer mellom 16-30 år.

No vil eg gjerne prøva å beskriva for deg korleis det er å vere ung på huset her i Fredrikstad:

 

Du kjem inn på omvising, gjerne gjennom tips frå vener, familie eller nokon som har høyrt om oss som du får hjelp av. Du blir møtt i døra (eventuelt så er me såpass fleksible at me kjem ut og møter deg der du er trygg). Deretter får du ei fin omvising på huset med masse info om dei forskjellige etasjane våre. Får du meirsmak så gønnar me opp ein prøvedag – gjerne i den etasjen som smakar best for deg. Enten Sentralen, Kjøkken/fritid eller Redaksjonen. Du møter på prøvedagen og får gjerne ein fadder eller blir møtt av nokon du har blitt litt trygg på som kan vere der for deg – alle medlemmar veit at det er litt kaotisk i starten, det er heilt innafor å føle seg litt overvelda.  

Prøvedagen varar så lenge eller kort som du ønsker - du styrer dagen og tempoet akkurat slik du føler. Me tilpassar berre! Om du får lyst på meir så køyrer me på med ein prøvedag nummer 2 også, der du kan prøva deg på den same eller ein anna etasje om du vil - alle etasjer har forskjellige oppgåver.

Etter dette så er det tid for å teikne medlemsskap – om du ønsker. Eit medlemsskap på Fontenehuset er heilt gratis, frivillig og utan tidspress – du kan feire 80-årsdagen din på huset om du vil. Så lenge me eksisterer, kan du vere medlem - berre følg husreglane og bruk sunn fornuft!

UPH hadde foredrag på fagdagen til UPS

Når du då har blitt medlem så brukar du huset som det passar deg - du er ansvarleg for din eigen rehabilitering. Her møter du alle moglege menneske i alle aldre, og du får eit fellesskap på kjøpet som ikkje liknar noko anna. Mange seier at du får ein heiagjeng som støtter og pusher deg opp uansett om det går bra eller dårleg!

Som medlem er du kor du vil på huset, men kvar tysdag klokka 1330 så køyrer me på med ein nydeleg Ung på huset-samling på huset. Her snakkar me om stort og smått, me planlegg fritidsprogram (UPH har sitt eige fritidsprogram i tillegg til huset sitt faste), me tar opp ting i fellesskap og me støttar kvarandre - relasjonsbygging og tryggheit er i fokus. På slutten av kvart møte så har me det me kallar “positivitetsrunden” - her seier alle som vil noko positivt, noko dei er takknemlege for eller noko dei er stolte av - Målet er å gå ut frå samlinga med eit lettare sinn enn det du kom inn med.

Som medlem på Fontenehuset får du også hjelp til blant anna Jobb & Studiestøtte (nede i 1.etg). Her kan du få støtte til å skrive søknad, lage CV eller finne ut kva jobb du kunne tenke deg, eller kva studie du kunne tenkt deg å prøve. Ein torsdag i månaden kjem det ein veileder fra NAV som blir med på jobbcafe frå 1330-1530 - Han kan hjelpa deg med ulike spørsmål og ting du måtte lura på i forhold til jobb.

Me har også eit prosjekt som fokuserer på inkludering, kalla Psykt Bra Mangfold! De er basert i 2.etg, og jobber både praktisk og språkleg.

Snuplassen + Fontenehuset = Sant <3 (pluss Ordfører :D)

Ellers så er det mykje kjekt me driv med på UPH. Me har godt samarbeid med Frederik II Videregående skule, Glemmen Videregående skule, Helsestasjonen for ungdom, NAV og NAV—ung, UPS og mange andre plassar. Me har hatt foredrag, vært på stand og vore skikkeleg aktive i Nav-ung sitt nye, fantastiske prosjekt SNUPLASSEN. Les meir om dette samarbeidet her.

Sjølv om du er medlem i UPH, så kan du være med på andre ting på huset. UPH er ikkje ein “klubb i klubben”, men eit tillegg der unge menneske skal kunne møte andre unge menneske i samme situasjon. Om du vil så kan du jobbe på kjøkken, i resepsjonen, i kafeen, på redaksjonen - uavhengig om du er med i UPH eller ikkje.

Gjennom denne jobben har eg blitt meir kjent med meg sjølv, fått meir trua på meg sjølv og følt at eg er god i det eg held på med. Veldig ofte blir eg så gira på UPH-samlingane at alle referata blir skreve i CAPS-LOCK - det er liksom sånn eg føler det inni meg når eg får henge med denne nydelege gjengen. Så, resten av teksten blir i den anden!

EG ER UFATTELEG TAKKNEMLEG FOR AT EG FÅR LOV TIL Å HOLDE PÅ MED DETTE!

PS: EIN BONUS ER OGSÅ AT DU FÅR OPPLEVE TRYGGE VAKSNE MENNESKE. MANGE HAR OPPLEVD Å VERE UTRYGG RUNDT VAKSNE FØR I LIVET SITT, MEN HER ER DET TRYGT. DU SKAL KUNNE VÆRE DEG SJØLV 100%! KOM SOM DU ER, DU ER GOD NOK!

HEIILT TIL SLUTT; HER ER NOKRE SITAT FRÅ UNG-GJENGEN OM FONTENEHUSET OG UPH:

“Trygg plass, trygt sted, et sted du kan senke skuldrene, være deg selv, aksepterende gjeng” 

KJÆRLEIK FRÅ MEG TIL DEG

Du finn meir om UPH her

Ellers har vi vår egen UPH-podcast også!

Ellers finn du oss på @ungpaainsta, @ungpaatiktok også!




Skreve av Patrick Fardal



Forrige
Forrige

Prekesjuk - Podcastplaner & KJÆRLEIK

Neste
Neste

Snuplassen + Fontenehuset = Sant